Anders Teigland

Anders Teigland





Her er eg!

Publisert: 26.12.2014, 20:05

Hei, eg heiter Anders og er deltakar i Talentjakten 2014-15. Det vil sei at eit panel av svært kompetente folk har funne meg verdig til å delta i eit spanande, interessant og, i alle fall for meg, utfordrande program, eg skal få lov til å treffa nye menneske, utvikla meg sjølv og læra ein ting og to som kjem til nytte seinare i livet og karrieren. I denne fyrste posten vil eg skriva litt om kva som gjer meg til meg og kva eg har gjort i løpet av mine godt 24 år på denne kloden.

Akkurat no, har eg fullført litt over eit år på doktorgradsstudiet ved Kjemisk Institutt, Universitetet i Bergen der eg forskar på nye, straumførande material. Desse materiala kan truleg nyttast i alt frå batteri til sensorar eller noko heilt anna som ingen har tenkt på før. Det som gjev dei nokre uvanlege eigenskapar samanlikna med tradisjonelle material er at straumleiinga skjer gjennom ekstremt små «leidningar» som er så små at om du la dei side som side ville det vert plass til om lag 200000 av desse i breidda av eit hårstrå. Sjølv om materiala i makroskopisk form ikkje er spesielt interessante vil dei få nye og forbetra eigenskapar på grunn av den reduserte storleiken; dette er det ein jobbar med å utnytta i nanoteknologi og er noko av det eg kjem til å skriva mykje om i løpet av våren.

Men korleis har eg enda opp med å forska på nokre av dei minste strukturane i verda? Vel, heilt sidan eg var liten har naturen og korleis prosessar i den fungerer. Eg saug til meg det eg kunne av kunnskap om den og var fasinert av alt frå dinosaurar til korleis ein kunne tolka skyer. For all del, eg synst det var ekstremt morosamt å spela fotball og leika med vennane mine, men eg hadde eit ønske om å læra mest mogleg om alt, eg var rett og slett nysgjerrig på alt. Eg var og heldig å gå på ein liten skule med små forhold slik at lærarane hadde god tid til å ta seg tid til alle, noko som nok gjorde det lettare å få utløp for denne nysgjerrigheten.

At eg skulle ta realfagleg utdanning var derfor nokså naturleg. Eg måtte berre bestemma meg for kva! Her var det nok ein gong nysgjerrighet som leda meg til ei avgjersle, i eit av kapitla i kjemiboka mi vart nanoteknologi skildra, veldig overflatisk skulle det vise seg, og eg bestemte meg for at dette var noko eg ville vita meir om. Dette trur eg fortsatt var ei lur avgjersle, eg har fått moglegheita til å studera ved eit av verdas beste universitet og fått treffa utruleg mange flinke og inspirerande folk, nettopp fordi eg var nysgjerrig og villig til å ta ein sjanse!

Eg trur at alle har nytte av å vera nysgjerrige og utforska nye ting. Vil derfor at, om du skal ha eit nyttårsforsett i år, så bør det vere, undr deg meir!


Del på Facebook Del på Twitter Del på Google+