Gudny Øyre Flatabø
Gudny Øyre Flatabø

Gudny Øyre Flatabø





Naturen sine miljøarbeidarar

Publisert: 29.09.2017, 14:30

Det er ikkje alltid så kjekt når mikrobane har byrja på maten før oss.

Det er ikkje alltid like kjekt når mikrobane byrjar på maten før oss...

 

Bakterieinfeksjon. Forkjølelse. Fotsopp. Potetene har fått tørråte. Mjølka har blitt sur. Taket på badet har mugg.  Dei fleste kjenner til mikroorganismar i dagleglivet, og jobben dei gjer for å gjere livet vårt litt meir utfordrande. Men det ein kanskje ikkje tenkjer på kvar dag er jobben dei gjer for å resirkulere næringsstoff i miljøet rundt oss. Stopp ein hal – den forkjølelsen eg pådrog meg etter ein vårdag med våte sokkar, driv med resirkulering?

Her må det kanskje nyanserast litt. Mikroorganismar blir definerte som organismar som er så små at ein treng mikroskop for å sjå dei. Ein mikrometer er ein tusenedels millimeter, og då seier det seg litt sjølv at eit vanleg linjal ikkje dug til å måle ei celle på 0,6 mikrometer (Pelagibacter ubique, til no den minste frittlevande bakterien funne) eller forkjølelsesvirus, Rhinovirus, som er 0,02 mikrometer i diameter.

Det finst ulike typar mikroorganismar, og utifrå det me veit no, utgjer dei meir enn 2/3 av den totale biodiversiteten på jorda [1][2]. Med tanke på at det kun er estimert at 20% av verdas artar er oppdaga per dags dato, er det stort sannsyn for at det blir oppdaga mange fleire mikrobar i framtida.

Kva slags resirkulering er det desse mikrobane driv med? Eg har ikkje sett nokon gå å pante flasker i alle fall. Den viktigaste resirkuleringsoppgåva handlar om biologisk materiale. Det vil seie middagsrestane som du hiv i komposten, eller treet som fell ned i skogen under ein storm. Alle lauva som fell frå trea om hausten. Dette ser mikrobane på som mat. Dei treng karbon for å auke i omfang og reprodusere seg, slik som oss når me et mat. Planter henter karbon frå lufta, dyr henter karbon frå planter eller andre dyr, medan (dei fleste) mikrobane henter karbon frå (stort sett) daude planter og dyr. Så har me jo unntaka som til dømes forkjølsesvirus, som helst hentar sine ressursar frå levande menneske og gjer livet vårt litt meir utfordrande på vegen.

Hauststemning. Men kva om alle lauva på trea berre hadde blitt igjen på bakken år etter år?

Hauststemning. Men kvar blir det eigentleg av alle lauva som fell frå trea?

 

Kvar blir det av middagsrestane våre til slutt? Mikrobane bryt gjerne ned desse restane til CO2-gass, slik me gjer når me et mat og pustar ut CO2. Det er likevel nokon restar igjen, og desse blir til det me kjenner som jord. Jord som nye planter kan vekse i og få næring frå. Jord som er bustad for mange mikroorganismar, opp til 10 millardar i eitt gram [3], som er klare til å ta seg av lauva frå neste haust endå meir effektivt enn lauva frå forrige haust. Jo meir dyr- og planterestar som blir tilført, jo meir næringsrik vert jorda både for mikrobane og for dei neste plantene og insekta som slår seg ned.

Dersom jorda blir skadd, som ved ureining av uvante stoff som pesticidar eller oljesøl, eller ved byggjing av bygningar oppå jorda, blir samtidig mikrobane skadd, og vilkåra for kva planter og dyr som kan leve der endrar seg. Næringsrik jord treng tid for å byggjast opp, men det tar lite tid å øydeleggje.

Oljeureina jord i Amazonas, Ecuador. Dette tar lang tid å gjenoppbygge utan hjelp frå spesialiserte organismar og næringsstoff.

Oljeureina jord frå Amazonas i Ecuador. Dette tar lang tid å byggje opp igjen, og ureininga er det kun spesialiserte organismar som taklar.

 

Kjelder:

[1]         University of California, Berkeley “Wealth of unsuspected new microbes expands tree of life,” EurekAlert!, Berkeley, 11-Apr-2016.

[2]         L. A. Hug, B. J. Baker, K. Anantharaman, C. T. Brown, A. J. Probst, C. J. Castelle, C. N. Butterfield, A. W. Hernsdorf, Y. Amano, K. Ise, Y. Suzuki, N. Dudek, D. A. Relman, K. M. Finstad, R. Amundson, B. C. Thomas, and J. F. Banfield, “A new view of the tree of life,” Nat. Microbiol., vol. 1, no. 5, p. 16048, Apr. 2016.

[3]         V. Torsvik and L. Øvreås, “Microbial diversity and function in soil: from genes to ecosystems,” Curr. Opin. Microbiol., vol. 5, no. 3, pp. 240–245, Jun. 2002.


Del på Facebook Del på Twitter Del på Google+





Kopiering av tekst og bilder fra blogginnlegg kan ikke gjøres uten samtykke. Ytringer i blogginnlegg er personlige og tilhører bloggeren. Tips oss dersom innholdet bryter med norsk lov. Talentblogg er en tjeneste levert av Talentjakten, og benytter bloggplattform fra Bloggi. Ved bruk av talentblogg.no aksepteres cookies fra Google Analytics.