Vebjørn Skeide

Vebjørn Skeide





Målmann på heiltid

Publisert: 28.01.2015, 20:33

(foto: K.E. Jegersen)

 

Vi leiar 2-0 og eg har vore relativt lite involvert i kampen. Totalt sett har eg kanskje hatt 9-10 involveringar, dei aller fleste rein rutine. Tre 5-meterspark, plukka opp nokre ballar som kom trillande, samt nokre dårlege skudd frå lang distanse. Det er relatitvt kaldt, og den einaste delen som er fysisk sliten er stemmebanda. Etter kampen får dei fleste ros for å ha henta heim sigeren, for å ha gjennomført nokre magiske pasningar. Eg har derimot ikkje gjort noko spesielt anna enn å ikkje gjere nokon feil. Som målamann gjer ein svært sjeldan feil, men dei feila ein gjer blir svært synlege, og ofte svært avgjerande. Som målmann er det (nesten) umogleg å syte for at ein vinn på eiga hand, men ein kan fint klare å syte for at laget taper ved å rote til ein eller fleire rutineinngripnadar. Så kvifor vel noko frivillig å bli nettopp målmann?

Miljø
Eg er no inne i mitt 28. år og studerer for tida Industriell økonomi og tekologileiing på NTNU samstundes som eg tek emner innanfor samfunnsøkonomi. Eg er gift og har ein son på snart to år, noko som gjer at kvardagane blir ganske effektive. Eg er interessert i teknologi og det meste som går på elektrisitet, likvel er nok den aktiviteten eg har brukt mest tid på i livet utan tvil fotball. Fleirfoldige timar har gått med til trening, kampar og reiser. Både fordi det var gøy, men kanskje mest fordi eg elskar å vinne og hatar å tape. Frå eg var seks år og fram til eg flytta til Trondheim for å ta fatt på studiar, var Hødd I.L. og fotball ein stor del av livet mitt. Rett etter at eg blei føydd skal vist nok min far så generøst ha sagt: 

"Når du blir stor Vebjørn, så skal du få lov til å spele kvar som helst på bana, berre du ikkje blir keeper". 

Når nokon dreg fram eit slikt sitat nokre år i etterkant er det som oftast fordi det var nettopp det som skjedde. Eg blei keeper. Eller målmann som det heiter på godt norsk.

Karriere
Grunnen til at eg fokuserar på fotball, og mi rolle som målmann, er fordi eg meiner den karakteriserer meg godt som person. I tillegg er det heilt klare parallellar mellom det å vere ein del av eit fotballag og det å bidra i jobbsamanheng. Som fotballspelar var eg alltid detaljfokusert, engasjert og veldig kritisk til meg sjølv. I tillegg var eg svært målretta og fokuserte på å setje meg små delmål som eg jobba i mot. Eg forstod tidleg at det var som målmann eg hadde størst sjanse for å bli best mogleg, og då var det einaste logiske valet å satse på nettopp dette. Med hardt og målretta arbeid enda eg til slutt opp med å få fleire kampar for Noreg sine aldersbestemte landslag, og fleire sesongar som målmann for Hødd sitt a-lag. Etter 4 "friår" var eg svolten på meir skule, og valde difor å trappe ned på fotballsatsinga til fordel for skulebenken når eg såg at det blei vanskeleg å leve av fotballen. No spelar eg for Stjørdals-Blink i 2. divisjon, så får framtida vise når eg legg hanskane på hylla for godt. 


Målmannen
Valet eg tok om å bli målmann hadde nok fleire grunnar. Som nemnt tidlegare var det å vere målmann nok det eg var flinkast til, eller rettare sagt, der eg hadde størst talent. I mi oppfatting er det å ha eit talent berre ein tjuvstart på alle dei andre, det er ein ibuande eigenskap nokon har til å gjere noko betre enn andre med mindre innsats. Talent er derimot ikkje ein gratisbillett til å bli god. Stoppar du å springe, sjølv med ein tjuvstart, vinn du aldri løpet. Dersom ein legg ned mindre arbeid enn andre, vil forspranget litt etter litt forsvinne. Det er nettopp her kjelda til å verkelege meistre noko ligg. Korleis ein tek vare på og utviklar talentet sitt blir nøkkelen til å oppnå suksess, noko som er like viktig uavhengig av om det er i idrett eller jobbsamanheng. 

Ein annan grunn til at eg valde å bli målmann har nok samanheng med at eg i mange samanhengar er ein individualist, samstundes som eg likar å vere ein del av eit lag. Eg likar å vere i posisjonar der eg har oversikt og kan bidra til at andre får utfalde seg og utnytte sine evner til det fulle. Som målmann må ein vere litt sjef, ein må vere veldig bestemt og helst aldri gjere feil. Som målmann vil ein sjeldan vere i fokus utan at ein har hatt ein kamp i verdsklasse, noko som ofte har samanheng med at resten av laget er dårlege, eller at ein gjer ei såkalla "keepertabbe". Som målmann må ein dermed ha ei god psyke der ein taklar at fokuset blir på den eine feilen ein ein hadde på dei siste ti kampane, heller enn dei ni og ein halv gode kampane. I denne samanhengen er sitatet frå Björn Borg; "Jeg tenker alltid på den neste ballen" svært viktig. Som for han, er dette heilt nødvendig for å bli god. Målmannen er i ein situasjon der han bør fokusere på enkeltsituasjonar heller enn laget sine prestasjonar for å utvikle seg, for det er når laget ikkje er heilt tipp topp ein verkeleg må stå fram. I gode tider treng ein "berre" å syte for at laget fungerar godt og ta ansvar for å vere stabil. 


Målmann utanfor bana
Poenget mitt med denne lange utgreiinga er at mykje av dette er eigenskapar som er viktige også i arbeidslivet. Når alt går bra er det enkelt å sitje med ansvaret, men når det stormar som mest krever det at ein skal stå fram og ta tak. Dersom det blir tatt avgjerdsler som er feil står ein ofte aleine om ansvaret, medan gode resultat kan tilskrivast alle i ein organisasjon. Den evna til å takle dette ansvaret, og bidra til at laget eller organisasjonen fungerar godt til ei kvar tid er essensiell. At kvar enkelt som er del av noko kan seie til seg sjølv at: "dette klarte eg sjølv" er viktig, og mi karriere som målmann har lagt eit godt fundament for å byggje vidare på nettopp dette. Mitt talent innan arbeidslivet er nok evna til å strukturere arbeidet mitt og nå dei måla eg set meg, samstundes som eg kan syte for at andre kan utnytte sitt talent på best mogleg vis. Eg likar å fordjupe meg i nye emner og tileigne meg ny kunnskap, og har eg tatt på meg ei oppgåve syt eg for at det som blir levert er tilfredstillande uavhengig om eg kan det frå før av eller ikkje. 

Slik sett har eg no gått frå å vere målmann på fotballbana til å vere målmann på heiltid. Faktisk har eg svært lite interesse for fotball ut over når eg spelar sjølv, og det å vere målmann er no meir ein del av meg som person, og mindre knytt til fotball. Eg trivst med å vere ein individualist, som samstundes er ein del av eit lag, også i skule og jobbsamanheng. Eg er opptatt av å setje meg små delmål og oppnå dei, slik sett får målmann også ei ny betydning (spesielt om ein og ser på det engelske ordet goalkeeper). 

Samanhengen mellom det å lukkast i arbeidslivet, privat og innan idrett har mange likskapar. Å kunne identifisere kva som er viktig for å lukkast på ein arena og overføre dette til nye situasjonar gjer det mogleg å lære og utvikle seg som person. Med dette som bakgrunn kan eg karakterisere meg som målmann på heiltid.


Del på Facebook Del på Twitter Del på Google+


Januar 2015