Publisert: 28.11.2017, 21:23
Det var ein regnfri dag, med litt sol bak skyene og opp til 17 ºC. Ganske bra sommarvêr til å vere Bergen altså. Eg hadde lurt ein gjeng til å bruke ein time innandørs for å høyre på masterpresentasjonen min. Fredag 25. august 2017. Dagen markerte skiljet mellom det relativt forutsigbare livet som student, og det uforutsigbare livet som jobbsøkar.
«Det er berre å fylgje med og søke når me lyser ut stillingar!»
Eg byrja såvidt å søke jobbar våren 2017, medan eg framleis heldt på med å skrive masteroppgåva. Eg abonnerte på stillingar på Jobbnorge og finn.no utifrå dei tema eg var interessert i å jobbe med, i tillegg til alt som hadde med mine fagfelt å gjere, kjemi og biologi. Eg leste artiklar om korleis skrive ein god jobbsøknad og spesifiserte alltid søknaden etter stillingsannonsen. Eg gjekk til karriererådgjevar og fekk gjennomgått og forbetra CV-en min (minst tre gonger), og søknadstekst til stillingar eg var interessert i. Eg fekk familie og venner til å sjå gjennom og kommentere søknadsteksten til dei mest interessante stillingane. Eg gjekk på karrieremesser og prata med dei selskapa eg var interessert i. Fleire av dei sa at bakgrunnen min var relevant, men det endte oftast med: «Det er berre å fylgje med og søke når me lyser ut stillingar!»
Jobbane eg søkte på om våren høyrte eg aldri noko frå, eller så kom avslaga i august/september. Nokre av dei gav namnet på den som vart tilsett. Fleire gonger hadde den som vart tilsett ganske lik CV som meg, men den hadde gjerne dei 9 månadane ekstra erfaring frå Fylkesmannen i Vest-Agder som passa veldig fint til stillingsskildringa. Utan noko jobberfaring innanfor feltet hadde eg ikkje ein gong blitt kalla inn til intervju. Rett etter masterinnlevering 1. juni var det lyst ut ei stilling i Bergen som eg syns var perfekt for meg og måtte vere draumejobben. Eg jobba mykje meir med søknadsteksten enn eg hadde gjort for nokon andre stillingar og karriererådgjevaren stadfesta at gjennom denne søknaden virka eg både kvalifisert til stillinga og engasjert. Etter at fristen var gått ut kom eposten om at dei hadde fått mange fleire søkarar enn venta, og at det ikkje ville byrje prosessen før august. I august ringte eg og dei var framleis ikkje kome vidare, men eg kunne melde meg av søkerlista om eg ville. Eit par veker seinare ringte eg igjen og dei var ikkje byrja å kalle inn til intervju enno. Eit par veker etter det kom avslaget.
Ver fleksibel!
Eg skriv dette for å setje jobbsøkerguidane litt i perspektiv. Sjølv om ein gjer alt etter boka og er utdanningsmessig kvalifisert, tyder ikkje det at ein får intervju. Mitt inntrykk er at det har mykje meir med svingingar i arbeidsmarknaden å gjere, og ikkje minst: talet på søkarar. Er det meir enn 50 søkarar til ei stilling, er det gjerne minst tre stykk som har relevant erfaring. Då er ikkje mastergraden til ein nyutdanna like interessant. Når eg no har fått jobb, kan eg likevel dele nokre tips for studentar og nyutdanna som skal søke jobbar:
Eg søkte 30-40 stillingar og vart invitert til 5 intervju frå eg byrja å søke i januar/februar. I byrjinga søkte eg kun i Oslo og Bergen, men utvida etter kvart omkrinsen meir og meir. Dei fleste stillingane eg søkte og fekk avslag på hadde relativt generelle utdanningskrav (naturvitskap eller biologi). Felles for tre av dei eg vart inviterte til intervju hjå, var at dei såg spesifikt etter personar med kombinasjon mikrobiologi/kjemi eller sterk laboratoriebakgrunn. Den fjerde var frå løpande opptak av nyutdanna til eit globalt selskap og på den siste, der eg vart tilbudt jobb og sa ja, var eg ei av femten søkarar og fekk stillinga då personen som var innstilt som førstekandidat for jobben sa nei. Sett i perspektiv har det gått fort, og eg har eigentleg berre hatt to månader som «offisiell» jobbsøkar sidan eg avslutta masteren, men det føltes likevel som ein evigheit i perioden då dei einaste svara som kom var avslag. Lukke til med jobbsøking!
Publisert: 29.09.2017, 14:30
Det er ikkje alltid like kjekt når mikrobane byrjar på maten før oss...
Bakterieinfeksjon. Forkjølelse. Fotsopp. Potetene har fått tørråte. Mjølka har blitt sur. Taket på badet har mugg. Dei fleste kjenner til mikroorganismar i dagleglivet, og jobben dei gjer for å gjere livet vårt litt meir utfordrande. Men det ein kanskje ikkje tenkjer på kvar dag er jobben dei gjer for å resirkulere næringsstoff i miljøet rundt oss. Stopp ein hal – den forkjølelsen eg pådrog meg etter ein vårdag med våte sokkar, driv med resirkulering?
Her må det kanskje nyanserast litt. Mikroorganismar blir definerte som organismar som er så små at ein treng mikroskop for å sjå dei. Ein mikrometer er ein tusenedels millimeter, og då seier det seg litt sjølv at eit vanleg linjal ikkje dug til å måle ei celle på 0,6 mikrometer (Pelagibacter ubique, til no den minste frittlevande bakterien funne) eller forkjølelsesvirus, Rhinovirus, som er 0,02 mikrometer i diameter.
Det finst ulike typar mikroorganismar, og utifrå det me veit no, utgjer dei meir enn 2/3 av den totale biodiversiteten på jorda [1][2]. Med tanke på at det kun er estimert at 20% av verdas artar er oppdaga per dags dato, er det stort sannsyn for at det blir oppdaga mange fleire mikrobar i framtida.
Kva slags resirkulering er det desse mikrobane driv med? Eg har ikkje sett nokon gå å pante flasker i alle fall. Den viktigaste resirkuleringsoppgåva handlar om biologisk materiale. Det vil seie middagsrestane som du hiv i komposten, eller treet som fell ned i skogen under ein storm. Alle lauva som fell frå trea om hausten. Dette ser mikrobane på som mat. Dei treng karbon for å auke i omfang og reprodusere seg, slik som oss når me et mat. Planter henter karbon frå lufta, dyr henter karbon frå planter eller andre dyr, medan (dei fleste) mikrobane henter karbon frå (stort sett) daude planter og dyr. Så har me jo unntaka som til dømes forkjølsesvirus, som helst hentar sine ressursar frå levande menneske og gjer livet vårt litt meir utfordrande på vegen.
Hauststemning. Men kvar blir det eigentleg av alle lauva som fell frå trea?
Kvar blir det av middagsrestane våre til slutt? Mikrobane bryt gjerne ned desse restane til CO2-gass, slik me gjer når me et mat og pustar ut CO2. Det er likevel nokon restar igjen, og desse blir til det me kjenner som jord. Jord som nye planter kan vekse i og få næring frå. Jord som er bustad for mange mikroorganismar, opp til 10 millardar i eitt gram [3], som er klare til å ta seg av lauva frå neste haust endå meir effektivt enn lauva frå forrige haust. Jo meir dyr- og planterestar som blir tilført, jo meir næringsrik vert jorda både for mikrobane og for dei neste plantene og insekta som slår seg ned.
Dersom jorda blir skadd, som ved ureining av uvante stoff som pesticidar eller oljesøl, eller ved byggjing av bygningar oppå jorda, blir samtidig mikrobane skadd, og vilkåra for kva planter og dyr som kan leve der endrar seg. Næringsrik jord treng tid for å byggjast opp, men det tar lite tid å øydeleggje.
Oljeureina jord frå Amazonas i Ecuador. Dette tar lang tid å byggje opp igjen, og ureininga er det kun spesialiserte organismar som taklar.
Kjelder:
[1] University of California, Berkeley “Wealth of unsuspected new microbes expands tree of life,” EurekAlert!, Berkeley, 11-Apr-2016.
[2] L. A. Hug, B. J. Baker, K. Anantharaman, C. T. Brown, A. J. Probst, C. J. Castelle, C. N. Butterfield, A. W. Hernsdorf, Y. Amano, K. Ise, Y. Suzuki, N. Dudek, D. A. Relman, K. M. Finstad, R. Amundson, B. C. Thomas, and J. F. Banfield, “A new view of the tree of life,” Nat. Microbiol., vol. 1, no. 5, p. 16048, Apr. 2016.
[3] V. Torsvik and L. Øvreås, “Microbial diversity and function in soil: from genes to ecosystems,” Curr. Opin. Microbiol., vol. 5, no. 3, pp. 240–245, Jun. 2002.