Simen Hjellvik Askeland

Simen Hjellvik Askeland





Kven er Simen?

Publisert: 14.01.2015, 20:22

Det siste året har eg vore svært opptatt av motivasjon. Kvar finn ein motivasjon? Kvifor mister ein motivasjonen? Korleis kan ein motivere nokon som ikkje er motivert? Denne interessa har sitt utgangspunkt i eigne erfaringar frå sommarjobbar, studentlivet og ein deltidsjobb som «mentor» i realfag for elevar i den vidaregåande skulen. I skulen må mange ha fag dei ser på som irrelevante for utdanning si, og/eller ikkje har interesse for i det heile. Kva gjer ein i slike situasjoner for å skape engasjement? Korleis skal ein få ein elev som absolutt ikkje ynskjer å vere i klasserommet, til å bli engasjert og gjerne vilja delta? Er det eleven, faget eller læraren som er utfordringa?

Denne problemstillinga kan vidareførast til næringslivet. Korleis kan ein endre arbeidsmønsteret til medarbeidere for å auke produktivitet og effektivitet? Kva kan ein leiar gjere for å motivere dei ansatte, og er det mogeleg å motivere utan at det går ut over den sosiale kontakten? Er det enkeltindivid, organisering av bedrifta eller leiinga som har ansvaret dersom produktiviteten eller effektiviteten ikkje er slik ein ønsker?

Det blir mange spørsmål og få svar. Situasjonen i seg sjølv, og ikkje minst kvar mangelen på motivasjon har sitt opphav, er nok viktig i forhold til dette. I nokre tilfelle kan det vere eleven på skulen/tilsette i bedrifta som ikkje er motiverte, andre gonger er det læraren eller leiinga som ikkje klarer å motivere nok. I mange situasjonar er det ein kombinasjon av fleire faktorar.

Mitt navn er Simen Hjellvik Askeland, og eg studerer nanovitskap ved Universitetet i Bergen. Nanovitskap er eit breidt realfagstudie som inkluderer fag innan fysikk, kjemi og biologi for å nevne nokre. Det er her eg hentar min motivasjon. Å kunne forklare kva som gjer at nokre insekt kan gå på vatn, korleis skjermane på mobilen fungerer og korleis maten me et, vert brote ned, er for meg veldig givande. Og denne fascinasjonen for naturen og tekniske applikasjonar er noko eg trivst med å formidle til andre - å oppleve gleden andre kjenner når dei forstår eit komplekst problem, er nesten like kjekt som å forstå det sjølv.

For å forstå eit komplekst problem treng ein gode rettleiarar, ein treng personar som ser at utfordringar kan løysast på forskjellige måtar og som motiverer når ein møter motgang. Eg ønsker ein jobb der eg kan fylle ei slik rolle, der eg kan få ein positiv innverknad på andre sitt liv ved å inspirere og motivere dei til å yte sitt beste. Kvar det blir har eg ikkje bestemt meg for enno. Eg ønsker å halde flest mogeleg dører opne og gripe sjansen når anledningen byr seg.

Når eg her skal publisere ulike tekstar om tema som interesserer meg, vil det sjølvsagt vera naturleg at eg og finn plass til ein eller fleire tekstar om masterprosjektet mitt, om nanoteknologi og -vitskap, i tillegg til kurs, workshops og anna eg får vere med på i forbindelse med Talentjakten.

 

Bildene under: 1) Frå reinrommet ved Universitetet i Bergen. 2) To ulike typar OLED (Organic Light-Emitting Diode) syntetisert i emnet Syntetisk Uorganisk Kjemi.


Del på Facebook Del på Twitter Del på Google+





Kopiering av tekst og bilder fra blogginnlegg kan ikke gjøres uten samtykke. Ytringer i blogginnlegg er personlige og tilhører bloggeren. Tips oss dersom innholdet bryter med norsk lov. Talentblogg er en tjeneste levert av Talentjakten, og benytter bloggplattform fra Bloggi. Ved bruk av talentblogg.no aksepteres cookies fra Google Analytics.